Vinklingar - Om Olav H. Hauge. Om dikt og diktarar.
Vinklingar - Om Olav H. Hauge. Om dikt og diktarar.
Kunne ikkje laste inn om er råd å hente
Lansering 16.4. Kan tingast allereie no!
Forfattar: Elisabet Vallevik Engelstad
Gitt ut: 2026
Hefta
120 sider
12 x 20 cm
ISBN 9788251304214
Diktaren Olav H. Hauge levde heile livet i Ulvik. Her hadde han djupe røter, og her var han vel heime i segn og soge. Han kunne nok i store delar av livet kjenna seg einsam og utanfor, men han fann sjelefrendar og klangbotn gjennom sitt livslange samkvem med store diktarar og tenkjarar frå fortid og samtid. Det er ikkje vasstette skott mellom kvardagsliv, lesing og skriving i Hauges tilvære.
Med utgangspunkt i venskapen med Hauge syner Engelstad korleis både det lokale og det internasjonale, gjennom forfattarar som Emily Dickinson, Antonio Machado og René Char,
påverka og inspirerte diktaren.
---
Elisabet Vallevik Engelstad, f.1940 i Ulvik. Cand. philol. i 1969 med allmenn litt.kunnskap, fransk og hovudfag i spansk. Cand. jur. 1998. Lektor ved Oslo katedralskole 1975-2007. Har skrive biografien Åse-Marie Nesse. Eit poetisk liv (Samlaget 2010), gitt ut Fjorden var vegen. Fotopioneren Anders Paulsson Wallevik (Aschehoug 2012) og Elisabeth Meyer. Reporter i grenseland (Solum Bokvennen 2023). Medredaktør og bidragsytar i Ola Viker. Dikteren i tingsalen (Vidarforlaget 2009).
Frakt
Frakt

