Kjøpsvilkår

Dette kjøpet er regulert av dei standard salsvilkåra for forbrukarkjøp av varer over Internett. Forbrukarkjøp over internett blir regulert hovudsakleg av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettslova og ehandelslova, og desse lovene gir forbrukaren ufråvikelege rettar. Vilkåra i denne kontrakten skal ikkje bli forstått som nokon avgrensing i dei lovbestemde rettane, men stiller opp dei viktigaste rettane og pliktene for partane i handelen.

Les meir hjå forbrukartilsynet

1. Avtala
Avtala består av disse salsvilkåra, opplysningar gitt i bestillingsløysninga og eventuelt særskilde avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partene framføre, så lenge det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgjeving.

2. Partane
Seljar er:
Fonna Forlag LL, Lilletorget1, 0184 Oslo,
E-post: fonna(a)fonna.no
Organisasjonsnummer: 911 752 905

Kjøpar er den som gjer bestillinga.

3. Pris
Den oppgitte prisen for vara og tenesta den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljer før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bera. Fonna Forlag tek atterhald for prisfeil i nettbutikken.

4. Inngåing av avtale
Avtala er bindande for begge partar når kjøparen har sendt bestillinga. Avtala er likevel ikkje gjeldande om det er openberre skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren eller i bestillinga frå kjøparen.

5. Betaling
Seljaren kan krevja betaling for vara frå det tidspunkt den blir sendt frå seljaren til kjøparen. Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utstedt ved utsending av vara. Betalingsfristen går fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak. Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med faktura.

6. Levering
Levering er skjedd når kjøparen, eller hans representant, har overtatt tingen. Seljar skal levera vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden.

7. Risikoen for vara
Risikoen for vara går over på kjøper når han, eller hans representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

8. Angrerett
Med mindre avtala er unnateke frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i samsvar med angrerettsloven.
Kjøpar må gje seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen begynner å gå. I fristen blir alle kalenderdagar inkludert. Dersom fristen ender på en laurdag, heilagdag eller høgtidsdag blir fristen forlenga til næraste virkedag. Angrefristen blir rekna som halden om melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøpar har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og melding bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
Angrefristen tek til frå dagen varene er mottekne.
Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opphavelege fristen om seljer ikkje før avtala blir gjort opplyser om at det angrerett og standardisert angreskjema ligg føre. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysing om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytte seg av angreretten. Sørger den næringsdrivande for å gje desse opplysningane i løpet av desse 12 månedane, går angrefristen ut 14 dagar etter den dagen kjøparen fekk opplysningane.
Ved bruk av angreretten må varen leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøper dekker dei direkte kostnadane ved å returnera vara, med mindre anna er avtalt eller seljar har unnlate å opplyse om at kjøper skal dekke returkostnadene. Seljaren kan ikkje fastsette gebyr for bruk av angreretten.
Kjøpar kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller test av vara går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.
Seljaren er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om kjøparen ynskje om å nytte angreretten. Seljar har rett til å halde tilbake betalinga til han har motteke varene frå kjøparen, eller til kjøper har lagt frem dokumentasjon for at varene er sendt tilbake.

9. Forseinking og manglande levering – rettane til kjøparen og frist for å melde krav
Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer den for seint i høve til avtala mellom partane, og dette ikkje skyldast kjøparen eller tilhøve på kjøparen si side, kan kjøparen i høve til reglane i forbrukarkjøpslovas kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake krevja oppfylling heve avtala eller/og krevje erstatning frå seljaren.
Ved krav om mishaldverknad bør meldinga av omsyn til bevisa vere skriftleg (t.d. e-post).

Oppfylling
Kjøpar kan halda fast på kjøpet og krevja oppfylling frå seljar. Kjøpar kan likevel ikkje krevja oppfylling dersom det gjeld ein hindring som seljaren ikkje kan overvinna, eller dersom oppfylling vil medføra ein så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til interessa til kjøparen i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falla bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevja oppfylling.
Kjøparen taper retten sin til å krevja oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremma kravet.

Heving
Dersom seljaren ikkje leverer varet på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordra seljar til å levera innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heva kjøpet.
Kjøpar kan likevel heva kjøpet med det same viss seljar nektar å levera vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Blir tingen levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vita om leveringa.

Erstatning
Kjøparen kan krevja erstatning for lidt tap som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga skyldast hindring utanfor seljar sin kontroll som ikkje kunne vorte tatt i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgja av.

10. Mangel ved vara – rettane og reklamasjonsfrist for kjøparen
Viss det gjeld ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at den vart oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, gi seljar melding om at han eller ho vil påkalla seg mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde vorte oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara. Dersom vara eller delar av han er meint å vara vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år. Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skylder kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halda kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og omlevering, krevja prisavslag, krevja avtalen heva og/eller krevja erstatning frå seljaren. Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering
Kjøparen kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljar kan likevel motsetja seg kravet til kjøparen dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valdar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal gjerast innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å gjera meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag
Kjøpar kan krevja eit passande prisavslag dersom varet ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarer til forholdet mellom verdien av tingen i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelen for kjøparen.

Heving
Dersom varet ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen òg heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

11. Rettane til seljaren ved kjøparens mishald
Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller resten av pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skylder seljaren eller forhold på seljarens side, kan seljaren i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halda vara tilbake, krevja oppfylling av avtalen, krevja avtalen heva samt krevja erstatning frå kjøparen. Seljaren vil òg etter omstenda kunna krevja renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr for varer som ikkje vert henta.

Oppfylling
Seljar kan halda fast på kjøpet og krevja at kjøparen betaler kjøpesummen. Er varet ikkje levert, taper seljaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremma kravet.

    Heving
    Seljar kan heva avtalen dersom det gjeld vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå kjøparens side. Seljar kan likevel ikkje heva dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastset seljar ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heva kjøpet.

      Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr
      Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljar krevja renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til kjøper. Kjøper kan då bli halde ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

        Gebyr ved uavhenta ikkje-forskuddsbetalte varer
        Dersom kjøparen lèt vere å henta ubetalte varer, kan seljar belasta kjøpar med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekka det faktiske utlegget til seljaren for å levera vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18  år.

          12. Garanti
          Garanti som blir gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei rettane kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgivning. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i retten kjøparen har til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10

          13. Personopplysningar
          Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, berre innhenta og lagra dei personopplysningane som er nødvendig for at seljaren skal kunna gjennomføra forpliktingane etter avtalen. Personopplysningane til kjøparen vil berre bli utleverte til andre viss det er nødvendig for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovfesta tilfelle.
          Dersom du har spørsmål om personopplysningar knytt til deg, eller ønsker å gjera bruk av rettane dine til retting eller sletting etter personopplysningslova, kan du senda ein e-post til fonna(a)fonna.no

          14. Konfliktløysing
          Klager blir retta til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal freista å løysa eventuelle tvistar med godvilje. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.