Tvers gjennom fylket - Fjærland sin lange vegkamp
Tvers gjennom fylket - Fjærland sin lange vegkamp
Kunne ikkje laste inn om er råd å hente
Forfattar: Terje Eggum
Gitt ut: 2025
Innbunde
258 sider
20,5 x 26 cm
ISBN 9788251304122
FJÆRLANDSVEGEN var tverrsambandet Sogn og Fjordane hadde god bruk for. Ingen prosjekt var betre eigna til å oppfylla ynsket om eit integrert fylke. På heimleg grunn var denne diagonalen tidleg forstått. På sentralt hald var behovet ikkje like innlysande. Men omsynet til Fjærland var vanskeleg å koma unna, og bygdas vegløyse blei springbrettet til fylkets beste tverrsamband.
«TVERS GJENNOM FYLKET» er boka om den lange vegkampen. Det er soga om ei bygds kamp for framtida, men også forteljinga om eit vegval som drog bygdene og fjordane i hop og vart til stor gagn for landsdelen.
TERJE EGGUM (1952) er journalist og forfattar, og cand.mag. i offentleg administrasjon, historie og litteratur. Han har bakgrunn frå fleire aviser og NRK, og har tidlegare skrive bøker om kyrkjehistorie, pressehistorie og sjølaksefisket i Sognefjorden. I seinare tid har han, som journalist og no som forfattar, gjort samferdslehistorie til sitt spesialfelt.
Frakt
Frakt
