Hopp til produktinformasjon
1 av 2

Soria Moria - Utvandringa frå Voss til USA

Soria Moria - Utvandringa frå Voss til USA

Vanleg pris 449,00 NOK
Vanleg pris Salspris 449,00 NOK
Sal Utseld
Avgift inkludert.

Forfattar: Eirik Helleve

Gitt ut: 2025
Innbunde
258 sider
20,5 x 26 cm
ISBN 9788251304115

Minst 7000 vossingar utvandra til USA. Den fyrste familien reiste i 1836, og dei neste femten åra var Voss truleg den største utvandringsbygda i Noreg. Utvandrarane frå Voss markerte seg mange stadar i Midtvesten, frå den veksande storbyen Chicago til nye busetnader på prærien, som Koshkonong, Big Canoe eller Fertile.
    I denne boka kan du lesa om nokre av desse utvandrarane og om korleis dei hevda seg i USA. Du kan til dømes lesa om den fyrste norskamerikanske organisasjonen, skipa av vossingar i Chicago i 1848. Du får høyra om den fyrste lokalavisa for Voss, som Nils T. Bakketun gav ut i Illinois frå 1857. Her står om dei tre vossingane som var sentrale då skistaden Breckenridge, Colorado, vart etablert tidleg i 1960-åra. Og du kan lesa om Andrew Herom, farmaren frå Nord-Dakota som sette Voss på kartet.

Eirik Helleve (f. 1965) er utdanna etnolog og har sidan 2012 vore styrar ved Voss folkemuseum.

Frakt

Vis alle detaljar