Økland. Einar Øklands livsverk i samling
Økland. Einar Øklands livsverk i samling
Redigert av Ottar Grepstad og Sverre Tusvik.
Gitt ut: 2024
Innbunde
336 sider
15 x 23 cm
ISBN 9788251304092
Boka kjem i sal 23. oktober, men det er råd å leggja inn tinging allereie no.
Forfattaren og kulturhistorikaren Einar Økland (fødd 1940) seier at nokre samlar på seg sjølv, andre samlar på kunnskap. Han har skrive eller redigert 104 bøker gjennom 60 år, tekstar av han er omsette til 18 språk, og samle har han gjort i meir enn 75 år.
Ottar Grepstad, Sverre Tusvik, Agnes Ravatn og Jorunn Veiteberg samtalar med Einar Økland i Valevåg om høgt og lågt mellom skrift og trykk. Mest fortel han om det han før har snakka eller skrive lite om, også frå eigen barndom og bakgrunn. Økland undrar seg over det han ikkje veit og søkjer innsikt som han sjenerøst spreier til andre gjennom skrift og snakk. Brått kjem noko som ingen kunne vente.
ØKLAND inviterer deg med hyllelangs gjennom historia om den låge danninga som gjennom skrift og bilete har krydra og demokratisert kvardagen for folk flest. Boka er ein eineståande dokumentasjon av ein særmerkt forfattarskap.