Hopp til produktinformasjon
1 av 2

Meir enn eit tillegg til annan manns verk? Om Hans Ross og ordboka hans

Meir enn eit tillegg til annan manns verk? Om Hans Ross og ordboka hans

Vanleg pris 99,00 NOK
Vanleg pris Salspris 99,00 NOK
Sal Utseld
Avgift inkludert.

Forfattar: Oddrun Grønvik
Gitt ut: 2023
Hefta
44 sider
20 x 13 cm
ISBN 9788251304023
Ei Allkunnebok
Stort omslag

Hovudverket til Hans Ross er "Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen." I dette heftet kastar Oddrun Grønvik fram tanken om at Ross i røynda byrja på eit anna ordboksprosjekt. Ordboka skulle ikkje først og fremst vera ei framsyning av korleis eit moderne norsk riksspråk bør sjå ut, men eit bilete av ordbruk og dermed av arbeidsliv og åndsliv i norske bygder i fortid og samtid. Mykje av det Aasen vraka til sitt prosjekt, ville Ross teke med i sitt av di det biletet han ville gje av norsk mål var eit anna. I framhaldet av nynorsk leksikografi har Aasens verk fått ein etterfølgjar i "Nynorskordboka", medan "Norsk Ordbok" blir redigert meir i Ross si ånd.
Heftet er eit opptrykk av ein artikkel som vart publisert i festskriftet til Magne Rommetveit, pluss ein ny oppsummerande kommentar. 

Frakt

Vis alle detaljar