Hopp til produktinformasjon
1 av 2

Granittgutta - Tiktok-banden

Granittgutta - Tiktok-banden

Vanleg pris 249,00 NOK
Vanleg pris Salspris 249,00 NOK
Sal Utseld
Avgift inkludert.

Forfattar: Svein Jarle Åbrekk
Teiknar: Trond Kulterud
Gitt ut: 2023
Innbunden
128 sider
21 x 15 cm
ISBN 9788251304030
Stort omslag

Han sprang mot skrenten.
Rett ved eit halvstort bjørketre låg rullestolen til kameraten.
Stolen var tom.
«KRISTOFFER!»
Eit lite grynt kom frå avgrunnen.
Frank la seg ned på bakken og kikka utfor. Han frykta for synet som ville møte han. Men kvalmen stilna, og hjernen byrja å få litt meir kontroll over situasjonen: Ein halvmeter under kanten såg Frank kameraten tvihalde i ei rot frå bjørka.
«Hald fast!»

Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen og går i same klasse. Dei må starte ferien med å vera med faren til Frank på ein konferanse og reknar med at det blir ganske kjedeleg.  Men så forsvinn ein ring frå ei vikingutstilling på hotellet. Når det dukkar opp spor på ein mystisk TikTok-konto, kastar Granittgutta seg over mysteriet.
     Svein Jarle Åbrekk er lærar og forfattar. Dette er den andre bok hans om Granittgutta. Boka er illustrert av Trond Kulterud.
     Boka høver for 9 – 12-åringar.

 

Frakt

Vis alle detaljar