Om Fonna Forlag

laurdag 21. november 2009 23:00

Fonna Forlag LL er eit aksjeselskap. Forlaget ligg i Oslo. I 2009 flytte forlagskontoret frå St. Olavsgate, der forlaget heldt til i mange tiår, til Underhaugsveien 9 A. Forlagssjef i dag er Arnt Dagfinn Årnes. Forlaget vart grunnlagt i 1933 – 1934 med namnet Nynorsk Vekeblad. Føremålet var å gje ut vekeblad og anna populærlitteratur. I 1940 – 1943 vart aksjekapitalen utvida og forlaget skifte namn til Fonna Forlag. Nedanfor kan du lese soga om Fonna Forlag og den sentrale plassen forlaget har hatt i norsk forlagsverksemd, serleg for litteratur, lærebøker, skuletilfang, brevskule og populærlitteratur på nynorsk.

Les meir: Om Fonna Forlag

 

Vangsgutane

fredag 20. november 2009 23:00

SOGA OM VANGSGUTANE

I 1934 kom fyrste nummer av Nynorsk Vekeblad ut. Bladet hadde samarbeid med Illustrert familieblad, mellom anna om teikneseriane. Barne- og ungdomsserien var Nils og Blåmann. Då krigen kom i 1940 stogga utgjevinga og samarbeidet med Illustrert. Hausten same år kom Nynorsk Vekeblad ut att, men då utan samarbeidet med Illustrert. Nye teikneseriane måtte altså til. Forlagssjef Hans Årnes bad forfattaren Leif Halse skrive ein ny serie for barn og ungdom. Leif Halse leverte eit framlegg som han kalla Snorre Snøggtenkt. Forlagssjefen var ikkje nøgd. Han hadde lenge vore arg på serien om Knoll og Tott, som berre gjorde fanteskap og plaga foreldre og vaksne heile tida. Nei, forlagssjef Hans Årnes ville ha ein serie om ungar som berre gjorde godt og hjelpe både ungar og vaksne på alle måtar. Med dette ynskje for auga skreiv så Leif Halse ein ny serie som han kalla Vangsgutane. Som motstykke til dei snille Vangsgutane skreiv Leif Halse inn Larris.

 

Les meir: Vangsgutane

 

The Boys From Vangen - Vangsgutane

tysdag 24. november 2009 15:32

The Boys From Vangen - Vangsgutane på engelsk

Hausten 2009 kom boka om Vangsgutane ut på engelsk i USA. Langseringa var på den store haustfesten i Minot. Det er forlaget Astri My Astri som gjev ut boka. Forlagssjef er Deb Nelson Gourley. Norsk redaktør er Steinar Halse. Boka er omsett til engelsk av Alexander Knud Huntrods. Boka er to-språkleg med både engelsk og norsk tekst. Den norske teksten er på bokmål. Boka kom fyrst ut i Noreg i 1973, då som lettles-bok for skulen. Den norske utgåva kom ut både på nynorsk og bokmål. Det er denne boka som med noko omarbeiding og tillegg er komen ut i USA. Dersom vi får nok eksemplar frå USA kan boka kjøpast direkte frå Fonna Forlag. Boka vil kosta ca 250,- kroner.

   

Ingeniør Kunut Berg

fredag 20. november 2009 23:00

INGENIØR KNUT BERG - FRÅ JORDA TIL UNIVERSET – OG TILKBAKE.

”De er nordmann, truleg ingeniør. Velkomen! Eg treng dugande folk”. Slik helsar den buddhistiske øvstepresten Si Kahn  ingeniør Knut Berg velkomen til Månefjellet i Tibet i 1941.
I 1934 kom første nummeret av Nynorsk Vekeblad Bladet hadde fleire teikneseriar, mellom dei den amerikanske spaningsserien Tom Trick (am:. Brick Bradford).

 

Les meir: Ingeniør Kunut Berg

 

3 Rips

måndag 11. august 2008 01:12

3 RIPS - FRAMIFRÅ GODT TEIKNA TENÅRINGSSERIE MED HUMOR

Dei tre hovudpersonane Lydia, Natasha og Sonya i tenåringsserien 3 Rips debuterte i avisa Hallingdølen laurdag 28. oktober 2006.

Serien er skriven og teikna av Nataliya Kochergova, som var 17 år då serien tok til. Ho var då elev ved Nordstrand vidaregåande skole i Oslo. No studerer ho fysikk ved Universitetet i Oslo, noko som ein stundom ser att i serien. Teikneutdanninga si har ho frå Russland.

 

Les meir: 3 Rips