PRESSEMELDING:

Vangsgutane 2016 - julehefte i 75 år.

Nils Nordberg har også i år skrive ei spanande forteljing i 75-års utgåva av Vangsgutane. Klassikarane i år er henta frå hefte 10- 1952. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Ottar Grepstad.

Det fyrste julehefte om Vangsgutane kom i 1941. Året før starta serien i Nynorsk Vekeblad. Det var forfattar Leif Halse og teiknar Jens R. Nilssen som stod for serien, som vart ein suksess frå fyrste stund. I dei siste ti-åra har ymse forfattar og teiknarar stått for serien. I år, som i fjor, er det Nils Nordberg som skriv og Ivar Andreassen som teiknar. Som ein kan venta når Nils Nordberg skriv, er Vangsgutane ute for dramatiske hendingar og hardbarka kjeltringar. Mor deira, Sigrid Vangen vert sjuk og må ha penicillin. Uver hindrar rutebåten å nå fram med medisinen, så Vangsgutane lyt ta seg fram på landevegen i uveret. Der råkar dei på to kriminelle karar som vil kidnappa sonedotra til storbonden Halstein Breiset. Slikt vert det spaning og dramatikk av.

Ein klassikar frå 1952 er også med, skriven av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. Det er tømmerhogst i Breisetskogen og ei nyvinning, ein traktor, kjem til hjelp. Sidan veret det tømmerfløyting nedover elva, ikkje utan dramatikk.

Ingeniør Knut Berg 2016.
Forlaget vil gje ut alle ingeniør Knut Berg-hefta i opptrykk.
No står nr 4 - 1946 for tur.

Heftet er opptrykk av hefte nummer 4 frå 1946, med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala helt fram ferda gjennom jungel, sletter og fjell på jakt etter Den blåe diamanten og mot landet Kalimanko. Dei møter mange fårer og hindringar. Til sist hamnar dei på ei sydhavsøy, tekne til fangar av ein vill, lokal stamme. Medisinmannen vil ha dei i grytene sine.

 
 
 
Vangsgutane mellom stive permar - Vangsgutane er eit storverk i norsk populærlitteratur skriv Nils Nordberg i føreordet til boka.
 
Den fjerde boka med teikneserien om Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen, er no komen.
Sjå omtale på høgre side.
 
Vangsgutane - ein kort historikk:
 
Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr.17 den 5.oktober 1940. Året etter kom første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet.
 
Ny forteljar:

NILS NORDBERG
 
Ny teiknar:

IVAN ANDREASSEN

Vangsgutane 70 år
 
VANGSGUTANE FRÅ 1941 TIL I DAG.
av Arthur Mo

Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr. 17 den 5.oktober 1940 Året etter kom det første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet. Sidan har det kome et utgåve kvart år med unntak av 1944, 1946 og 1963. I 1953 og 1983 kom det også eit sumarhefte. Det var lærar og forfatter Leif Halse som etter oppmoding frå forlagssjef Hans Aarnes i Fonna Forlag som skapte denne serien med forteljingar frå norsk kvardagsliv på landsbygda. Heltane i serien var Steinar og Kåre på 12 og 10 år. Dei skulle utgjere eit motstykke til fantungane Knoll og Tott i den amerikanske serien  med same namn som hadde vore på den norske bladmarknaden i omlag 30 år.

Vangsgutane høyrer heime i Todalen på Nordmøre og der møter vi alle hovudpersonane i serien. Steinar og Kåre syner stor arbeidshug, er pliktoppfyllande og har god moral. Ja, enkelte har meint nok at dei vert for einsidige framstilt og er for lite realistiske. Larris står i sterk kontrast til desse ”engleborna” og er ofte frampå med rampestrekane sine. Men han blir hardt straffa både i heimen og i bygda. Det gjekk så langt at Leif Halse måtte endre karakteren og Jens R. Nilssen hårfargen til den raudhåra guten frå Skjorhagen. I dei seinare hefta samarbeidde Larris med Vangsgutane og vart også eit omtykt muntrasjonsråd i guteflokken.
 
Framsida frå nr.1 i 1941 (Klikk for større bilete)Jens R. Nilssen teikna dei 16 fyrste julehefta og med sin bakgrunn som karikaturteiknar la han mykje arbeid i å få fram gode særtrekk ved personane. Enno i dag kan ein dra på smilebandet når ein ser teikningane hans i serierutene.
Teiknarar som overtok arbeidet etter Jens R. var etter kvart Bjarne Kristoffersen, Ivar Pettersen, Atle Steinsfjord og John Thoresen. Frå 1982 og frametter har forlaget berre gitt ut hefter med nyopptrykk der Jens R. var illustratør. Dei 10 siste åra vart teikningane i hefta fargelagt.
 
Etter 70 gode år med tekst av Leif Halse har forlaget no prøvd å fornye Vangsgutane med både ny tekstforfatter og teiknar. Her kan du lese meir om dei. 
 
Fonna Forlag - e-post www.dform.no