laurdag 21. november 2009 17:31

SOGA OM VANGSGUTANE

I 1934 kom fyrste nummer av Nynorsk Vekeblad ut. Bladet hadde samarbeid med Illustrert familieblad, mellom anna om teikneseriane. Barne- og ungdomsserien var Nils og Blåmann. Då krigen kom i 1940 stogga utgjevinga og samarbeidet med Illustrert. Hausten same år kom Nynorsk Vekeblad ut att, men då utan samarbeidet med Illustrert. Nye teikneseriane måtte altså til. Forlagssjef Hans Årnes bad forfattaren Leif Halse skrive ein ny serie for barn og ungdom. Leif Halse leverte eit framlegg som han kalla Snorre Snøggtenkt. Forlagssjefen var ikkje nøgd. Han hadde lenge vore arg på serien om Knoll og Tott, som berre gjorde fanteskap og plaga foreldre og vaksne heile tida. Nei, forlagssjef Hans Årnes ville ha ein serie om ungar som berre gjorde godt og hjelpe både ungar og vaksne på alle måtar. Med dette ynskje for auga skreiv så Leif Halse ein ny serie som han kalla Vangsgutane. Som motstykke til dei snille Vangsgutane skreiv Leif Halse inn Larris.

Leif Halse kalla Vangsgutane opp etter dei to sønene sine, Kåre og Steinar, men slik at den yngste, Steinar, vart den eldste og den eldste, Kåre, vart den yngste i serien. Namnet Larris fekk Leif Halse låne frå ei roman av Ragnhild Magerøy.

Hans Årnes sette Jens R. Nilssen til å teikna. Han var den rette teiknaren for denne serien. Med sine teikningar midt imellom det realistiske og karikaturen skapte han ein levande serien full av humor og artige typar. Teikningane til Jens R. Nilssen gjorde mykje til at serien vart så populær. Etter Jens R. Nilssen vart pensjonist overtok Bjarne Kristoffersen og etter han Ivar Pettersen. Også andre teiknarar har år om anna teikna serien.

Serien vart ein suksess frå fyrste episode i Nynorsk Vekeblad i 1941.Det fyrste juleheftet kom ut same året. Sidan har Vangsgutane kome ut med julehefte kvart år, med unntak av 1944 og 1946. Lesarane, både ungar og vaksne, kjende seg att i miljøet serien skildrar. Jamvel om serien skildrar livet i bygdene for ein generasjon og to sidan, må vi koma i hug at dagleglivet i Noreg fram til 1950-åra ikkje endra seg vesentleg mykje. Lesarar i byane kjende miljøet att frå forteljingar frå foreldre,  besteforeldre og frå eigne besøk til slekt og vener i bygdene.

Miljøet i serien er frå Nordmøre, spesielt frå Todalen der Leif Halse vaks opp, og frå Trøndelag der Leif Halse var lærar. Siste gongen Leif Halse skreiv var til juleheftet i 1981. Sidan har Vangsgutane kome ut i opptrykk  med fargelegging av Arthur Mo, som også redigerer julehefta.