laurdag 21. november 2009 16:58

INGENIØR KNUT BERG - FRÅ JORDA TIL UNIVERSET – OG TILKBAKE.

”De er nordmann, truleg ingeniør. Velkomen! Eg treng dugande folk”. Slik helsar den buddhistiske øvstepresten Si Kahn  ingeniør Knut Berg velkomen til Månefjellet i Tibet i 1941.

I 1934 kom første nummeret av Nynorsk Vekeblad Bladet hadde fleire teikneseriar, mellom dei den amerikanske spaningsserien Tom Trick (am:. Brick Bradford).

Ved krigsutbrotet våren 1940 stogga utgjevinga av Nynorsk Vekeblad, men kom i gang att utpå hausten same året; då utan dei gamle seriane. Nye teikneseriar laut avløysa dei gamle. Den nyskapte, norske serien om Ingeniør Knut Berg tok over etter amerikanaren Tom Trick. Forlaget skifte også namn frå Nynorsk Vekeblad til Fonna Forlag.

Ingeniør Knut Berg vart alt frå starten ein stor suksess og har i ettertida fått ein sikker plass mellom dei klassiske, norske teikneseriane

Ingeniør Knut Berg debuterte i Nynorsk Vekeblad nr 27 i 1941. Der står han på jarnbanestasjonen i Bongahama i India etter å ha fullført oppdraget med  jarnbanebygginga dit. Serien heitte då Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerland. Det fjerne austen var på den tida det mystiske og eventyrlege; det som sette fantasien i sving hos oss nordmenn. Der kunne alt hende. I Europa var det krig og revolusjonar, og lengten etter fred ser vi då Knut Berg kjem til det løynde landet Kalimanko. Der har det vore fred i 500 år etter at kvinnene kasta mannestyret og tok over makta. Men slangen lurer også i dette paradiset. Dr. Panga vil gifta seg med Prinsesse Aima av Kalimanko og ta over makta. Prinsessa vert hugteken i den staute, blonde nordmannen og Knut og Dr. Panga vert fiendar for livet. Seriestripene vart samla i eit julehefte fyrste gongen i 1943. Etter mange eventyr i fjerne kjende og ukjende land finn ingeniøren vegen ut i verdsrommet til galaksar mange ljosår borte og planetar som enno ikkje er oppdaga av andre enn Knut Berg og mannskapet hans. Han kom ikkje på visitt til fedrelandet før i 2007.Så drog han ut i verdsrommet att.

Er så serien berre eventyr? Skaparane Hallvard Sandnes (Vigleik Vikli) og Jostein Øvrelid (Ronald Stone) fylgde godt med i den tekniske utviklinga. Dei skreiv inn i serien tekniske nyvinningar som truleg ville kome i framtida. Fleire ingeniørar har fortalt at serien om Knut Berg var med å påverka yrkesvalet deira. Knut brukar sjølvsagt ein trådlaus telefon (mobiltelefon), blykuler  er bytt ut med elektroner, bilettelefonen er i vanleg bruk, robotar gjer manns arbeid og romskipa ser ut som konstruktørar då tenkte seg dei. Jernbanen vart avløyst av eit nytt transportmiddel, nemleg romraketten. Slik også med Knuts ingeniørrolle; frå jarnbaneingeniør til romingeniør.

Ingeniør Knut Berg er ein av dei eldste sience-fiction seriane i verda. Berre to – tre andre fanst i USA. Der hadde cowboyen bytt ut hesten med romraketten på actionfylte eventyr. Ingeniør Knut Berg vart  ulik dei amerikanske. Serien vart ei reise gjennom store deler av det 20. hundreåret. Dette hundreåret skapte dei største vonene menneskeslekta nokon gong har hatt; stor tru på vitskapen, utvikling av elektronikken og til sist romfart. Men også nye våpen og dei største tragediar, massakrar og krigar vi kjenner til i historia. Alt dette, ikledd kåpa åt fantasilitteraturen, speglar seg av i serien. Knut Berg er ikkje berre eventyraren, men også humanisten, fredsskaparen og hjelparen som nyttar sine evner og kunnskapar til beste for folk og skapningar dit han kjem.

Det siste heftet av Hallvard Sandnes og Jostein Øvrelid kom ut i 1960. Sidan har det år om anna kome ut opptrykk av dei gamle seriane. Frå 2005 har serien kome ut kvart år.

Frå om med 2007 kom serien ut nyskriven og nyteikna. Jon Bing og Tor Åge Bringsværd skriv og Knut Westad teiknar. Ein spesialversjon av serien går i TEKNA Magasin, den òg skriven av Bing & Bringsværd og teikna av Westad

Vi vonar 21. århundre, framleis ikledd fantasilitteraturens kåpe, spegla av vår tid og vår framtid.  Bing & Bingsværd og Westad er at vi ikkje misser sambandet med ingeniøren vår ute i verdsrommet. Slik han gjorde det i det 20. århundre vil han nok også i detvår beste garanti for det.