Pressemeldingar

laurdag 21. november 2009 14:22

JULEHEFTA FRÅ FONNA FORLAG 2009

 

Dei  tradisjonsrike julehefta frå Fonna Forlag, Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg, kjem begge med 36 sider.

Framsidene, illustrasjonar og noko tekst til jolehefta 2009, Vangsguta og Ingeniør Knut Berg kan lastast ned digitalt frå Huvudside - Press

Vangsgutane 2009

Fleire har vendt seg til Fonna  med ønskje om historiene slik dei var, utan fargar. Andre meiner at fargelegginga av eldre historier friskar opp seriane til dagens krav. Begge gruppene får i årets heft slik dei gjerne vil har det. Juleheftet i år er delt i to; ei historie med fargar og ei i original. I den første, i fargar, møter vi att ein gamal kjenning; Tarald Turist, som skal på fototur i Trollheimen. Vangsgutane er med som hjelparar. Heime att set det inn med regn og storflaum som tek med seg hus og bruer. Steinar Vangen vert teken av flaumen, men vert berga av Sterk-Ola. I den andre historia, i original, møter vi illgjerningsmennene Fanten og Feiaren som driv tjuvslakting i fjellet. Det vert ei dramatisk jakt på Fanten og Feiaren, med skyting og eldebrann. Kåre Vangen er nære på å brenne, men vert berga av Sterk-Ola før han fakkar Fanten og Feiaren.

Teksten er som vanleg av Leif Halse og teikningar av Jens R. Nilssen. Biletkunstnaren Oddvar Torsheim har skrive ein artikkel om Vangsgutane og Larris og visa ”Larris tok ein Farris”. Framsider frå 1947 til 1953 vert presentert saman med den nye boka ”The Boys from Vangen” som kom ut på engelsk i USA no i haust.

Ingeniør Knut Berg

Etter å ha besøkt Jorda og fedrelandet reiser Ingeniør Knut Berg og mannskapet hans i år ut att i verdsrommet. I fjor forlèt  vi Knut Berg, Aima og Max fanga under isen på Sørpolen. I år kjem den tibetanske munken Tala dei til hjelp. Han er ein gamal kjenning av Knut Berg og no vorten vaktar og leiar for klostret på Månefjellet. Der ifrå dreg Knut Berg, Aima og Max ut att i verdsrommet der han møter ein flokk kattevesen, bastarane, på veg til Jorda. Bastarane fortel at dei skapte menneska og no er dei på veg til å hauste. Romskipet deira har plass til tjue millionar skrottar. Dette vil hjelpe mot overfolkinga på Jorda og forsyne bastarane med mat for lang tid. Det vert kamp og til sist hamnar Knut og mannskapet hans på månebasen Alfa. Der møter dei eit uventa og fælsleg syn.

Teksten er av Jon Bing og Tor-Åge Bringsværd og teikningar av Knut Westad (side 3-21) og Ivan Andreasen (side 22-34). Ein redaksjonell artikkel om Knut Berg-soga og presentasjon av framsider frå 1943 til 1960 er også med.