3 RIPS - FRAMIFRÅ GODT TEIKNA TENÅRINGSSERIE MED HUMOR

Dei tre hovudpersonane Lydia, Natasha og Sonya i tenåringsserien 3 Rips debuterte i avisa Hallingdølen laurdag 28. oktober 2006.

Serien er skriven og teikna av Nataliya Kochergova, som var 17 år då serien tok til. Ho var då elev ved Nordstrand vidaregåande skole i Oslo. No studerer ho fysikk ved Universitetet i Oslo, noko som ein stundom ser att i serien. Teikneutdanninga si har ho frå Russland.

Serien er laga som week-end serie for aviser og har vanlegvis seks ruter med avslutta poeng i kvar episode. Miljøet i serien er tenårigsmiljøet med sine sorger og gleder, skildra med humor og framifrå gode teikningar. Fleire av teikningane er små kunstverk. Med sin fleirnasjonale bakgrunn har Nataliya Kochergova skapt ein serie med eit internasjonalt uttrykk, likevel slik at norske tenåringar og skuleelevar kjenner seg godt att i serien.

Serien vert distribuert gjennom Nynorsk Pressekontor (NPK) og Norsk telegrambyrå (NTB).