Ingeniør Kunut Berg
fredag 20. november 2009 23:00
INGENIØR KNUT BERG - FRÅ JORDA TIL UNIVERSET – OG TILKBAKE.
”De er nordmann, truleg ingeniør. Velkomen! Eg treng dugande folk”. Slik helsar den buddhistiske øvstepresten Si Kahn ingeniør Knut Berg velkomen til Månefjellet i Tibet i 1941.
I 1934 kom første nummeret av Nynorsk Vekeblad Bladet hadde fleire teikneseriar, mellom dei den amerikanske spaningsserien Tom Trick (am:. Brick Bradford).
Ved krigsutbrotet våren 1940 stogga utgjevinga av Nynorsk Vekeblad, men kom i gang att utpå hausten same året; då utan dei gamle seriane. Nye teikneseriar laut avløysa dei gamle. Den nyskapte, norske serien om Ingeniør Knut Berg tok over etter amerikanaren Tom Trick. Forlaget skifte også namn frå Nynorsk Vekeblad til Fonna Forlag.
Ingeniør Knut Berg vart alt frå starten ein stor suksess og har i ettertida fått ein sikker plass mellom dei klassiske, norske teikneseriane
