|
PRESSEMELDING:
Vangsgutane 2011 - 70 år sidan første juleheftet. I år feirar juleheftet Vangsgutane 70 år. Det første juleheftet kom til jul i 1941. I år med nyskriven og nyteikna soge.
Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr.17 den 5.oktober 1940. Året etter kom første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet. Les heile denne artikkelen.
Ny forteljar:
SVERRE ÅRNES
Ny teiknar:
IVAN ANDREASSEN
|
|
|
Den nye forteljaren - Sverre Årnes - Han vart tidleg i barndomen oppflaska på nynorske julehefte, mellom dei Vangsgutane. Sia har livet hans alltid vore å laga visuelle forteljingar. Anten som romanar, filmar, radiohøyrespel eller teikneseriar. Saman med Ivan Andreassen laga han ”Soga om Sigrid” for Norsk Barneblad. Dei samarbeidde om ”Knut Gribbs julehefte” for året 2010, og våren 2011 var dei i Todalen for å gjere research til herverande hefte. Meir om Sverre Årnes finn du i www.sverrearnes.com.
Den nye teiknaren - Ivan Andreassen - Det heile byrja med teikneserien Silentium midt på 1980-talet. Da kom han med i ei gruppe teiknarar som ga ut grøsserbladet Rødt, Hvitt og Rått. Tre nummer kom ut, og så blei han tilsett i Bladkompaniet og fekk høve til å jobba med teikeseriar på heiltid. I 2007 fekk han tilbod om å teikne eit julehefte av hestebladet Jessy. Teiknestilen måtte likne den i sjølve bladet, og det blei ei god læring. Ei læring han no brukar når han teiknar Vangsgutane. Sverre trefte han da han ynskte ein teikar til vikingjenta Sigrid i Norsk Barneblad, og sidan har dei jobba saman ved fleire høve. No teiknar han Knut Gribb-julehefte i tillegg til Vangsgutane. Vangsgutane er for han norsk kulturhistorie saman med Nils og Blåmann, Stomperud og Smørbukk, og han tykkjer det er gjevt å få vera med og bidra.
Framsideteiknaren - Karl Erik Harr I høve 70-årsjubileet har den landskjende kunstnaren Karl Erik Harr illustrert framsida.
|
|
|